Sunnhordland løpsfest 2026

Stord friidrett ønskjer velkommen til ein skikkeleg løpsfest i Leirvik sentrum laurdag 2. mai 2026. Dei fem første utgåvene av dette arrangementet hadde namnet Sunnhordland Maraton. I 2024 kom arrangementet i heilt ny drakt, som Sunnhordland løpsfest.

Distansar: 5 km, 10 km, halvmaraton, barneløp og Superløp for personar med nedsett funksjonsevne.

Start og mål er i Borggata på Vikjo. Meir info om løypetraséane finn ein på Sunnhordland løpsfest si nettside.

Påmeldinga til dei ordinære distansane og superløpet gjer du her på EQ Timing.

Påmeldingsskjema til Fylkesnes Bil sitt barneløp kjem etter kvart. Barneløpet er ca 450 meter langt, og vil bli delt opp i to startar; ein med foreldrefølge og ein utan.

Prisen for dei ordinære distansane aukar to gonger fram mot arrangementet: 1. januar og 1. april.

Informasjon om After Run kjem på nyåret.

Sjekk Facebook for fortløpande nyheiter frå Stord friidrett.

Sjå nettsida til Sunnhordland løpsfest for praktisk informasjon.

 

Steng meny